Testar ti personar etter nytt smittetilfelle

Ein person i Gloppen har testa positivt på covid-19. Kommuneoverlegen har tatt avgjerd om å teste ti personar, skriv ordførar Leidulf Gloppestad i ei pressemelding.

Desse personane har vore i kontakt med den som er blitt smitta, men oppfyller ikkje nødvendigvis alle krav til å vere nærkontakt. Avgjerda om å teste desse nærkontaktane er for å vere føre var.

– Det er svært lite sannsynleg at prøvene vil vere positive, men ein eventuell smitte i denne gruppa kan potensielt medføre risiko for betydeleg smittespreiing i kommunen. Nærkontaktane vil berre vere i karantene i påvente av prøvesvara, skriv ordføraren og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunen sitt smittesporingsarbeid har gjeve god oversikt. Alle som ikkje no er blitt kontakta, er vurdert ikkje å vere nærkontaktar, og treng difor ikkje ta kontakt for spørsmål om testing eller karantene. Ein har ikkje elles funne grunnlag for lokale tiltak utover dei grunnleggjande smitteverntiltaka og dei nasjonale retningslinjene.

Aktivitet i skular, barnehagar og andre arbeidsplassar held fram som før.

Alle som vert sjuke med feber og/eller luftvegssymptom skal ha låg terskel for å teste seg og halde seg heime til dei har fått negativt svar på testen og føler seg friske.

Alle vert oppmoda om å ha så få nærkontaktar som mogleg i kvardagen, halde avstand til andre og ha god handhygiene.