Gode kulturtiltak er viktig også for eldre, det er helsefremjande peikar fylkesleiar i Pensjonistforbundet, Jostein Midtbø på. Illustrasjonsfoto.

– Tek vekk kulturmidlar til eldre i fylket

Gjennom Den Kulturelle Spaserstokken har staten sidan 2007 gitt støtte til kulturtiltak for eldre i landets kommunar. I framlegget til neste års statsbudsjett går no regjeringa inn for avvikling av ordninga. Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane er fortvila over dette og ser for seg at gode kultur- og aktivitetstilbod for eldre vil forsvinne.

– Dei pengane som no i sju år har gått til å skape kulturelle arenaer for eldre i eigne miljø, har etter kvart vore med på å bygge opp faste arrangement, t.d. konsertar, aktivitetsdagar og turar. Dette er tiltak som spreier enorm glede og samhold, og som betyr mykje i kvardagen for mange menneske. I tillegg veit vi at desse midlane har ført til samarbeid mellom kommunar og friviljug arbeid mange stader. Og sjølvsagt på tvers av sektorar som kultur og helse. Derfor meiner vi det er meiningslaust av regjeringa å føreslå å fjerne denne budsjettposten, seier Jostein Midtbø, fylkesleiar Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane.
1,3 mill. til Sogn og Fjordane i fjor.

Den Kulturelle Spaserstokken har vore fast post på statsbudsjettet på same måte som Den Kulturelle Skulesekken og liknande tiltak. Den Kulturelle Spaserstokken er den einaste av desse tiltaka som no står i fare for å dette ut. Pensjonistforbundet har i det siste fått ”bekymringsmeldingar” frå friviljuge i lokallaga og andre som no fryktar at gode arrangement ikkje vil kunne overleve.

Kommunane i vårt fylke mottok 1 338 000 kr. Frå Den Kulturelle Spaserstokken i 2013. Desse midlane har vore nytta til gode kulturarrangement og aktivitetstilbod. Frå forskning er det velkjent at kulturtiltak har god førebyggande effekt på folks helse.

– Gode kulturtiltak er med på å hjelpe eldre menneske til å bevare helsa så lenge som mogleg. Kultur er helsefremjande, mellom anna fordi det skaper arenaer der menneske møtest. Noko som betyr enormt mykje for dei som ofte er åleine. Dei 30 millionane som regjeringa no vil ta vekk, er for småpengar å rekne. Eg vonar regjeringa vil finne at den kan gå attende på dette framlegget. I alle høve finn eg det heilt utruleg om støttepartia vil vere med på dette, seier Midtbø.

Fakta om ”Den Kulturelle Spaserstokken”

• Ordninga har som formål å legge til rette for kulturtilbod der eldre menneske er- både i foreiningar og i institusjonar. Ordninga har fungert i samarbeid mellom kultur- og omsorgssektoren.

• Midlane blir utdelt etter søknad frå kommunane. I 2013 vert det arrangert kulturtiltak i 387 kommunar som følgje av midlar frå Den Kulturelle Spaserstokken.

• Den Kulturelle Spaserstokken utgjorde i fjor 29,8 mill. med 14,9 mill frå Helse- og omsorgsdep. sitt budsjett og 14,9 frå kulturdep.