GHK sitt herrelag står framleis utan poeng. Arkivfoto.

Tapte, men synte framgang

GHK-herrane tapte mot Fjellhammer i 2. divisjon. Men laget synte framgang.

GHK-herrane har fått ein tung sesongstart. Så langt er laget utan poeng etter tre oppgjer, men sesongen er framleis ung. Laurdag var Fjellhammer motstander i Lørenskoghallen.

Framgang

- Sjølv om det vart tap, synte vi spelemessig klar framgang. Det var eit heilt anna lag i dag enn det som vart synt i Trivselshallen mot Vålerenga, seier trenar Bjørn Roth Andenæs. Han fortel at GHK var med heilt til godt og vel midtvegs i andre omgang. På slutten av oppgjeret let lagleiinga alle spelarane få prøve seg.
- Det ser lovande ut før morgondagens kamp mot Lillehammer Fåberg Håndball 09, sa trenaren etter kampen.

GHK sin mestscorande vart Runar Gåsemyr med fem mål.