Talet på sauer og lam som blir drepne av rovdyr held seg lågt
I 2019 blei det gitt erstatning for 17.213 sauer og lam drepne av rovdyr i Noreg. Det er om lag same nivå som i 2018.
– Tapa forårsaka av rovdyr er reduserte med meir enn 50 prosent dei siste ti åra, og det er svært positivt at tapa held seg på eit lågare nivå enn før. Likevel opplevde enkelte husdyreigarar òg i fjor belastninga med store tap i besetninga si, seier direktør Ellen Hambro i for Miljødirektoratet i ei pressemelding.
1.129 besetningar søkte om erstatning for i alt 3.805 sauer og 18.068 lam i fjor. Fylkesmennene løyvde erstatning for 2.822 sauer og 14.391 lam. Samla blei det betalt ut knapt 44 millionar kroner i erstatning.
Som før er det jerven som er den største skadevaldaren på sau, og særleg lam. Tapa til jerv auka til 5.959 dyr i fjor – nesten 500 fleire enn året før.
Østfold: 1 sau, 0 lam, erstatningsbeløp 2.479
Akershus: 8 sau, 72 lam, erstatningsbeløp 195.070
Hedmark: 371 sau, 1.573 lam, erstatningsbeløp 4.926.281
Oppland: 326 sau, 2.038 lam, erstatningsbeløp 5.593.469
Buskerud: 30 sau, 270 lam, erstatningsbeløp 674.970
Vestfold: 0 sau, 5 lam, erstatningsbeløp 9.997
Telemark: 58 sau, 372 lam, erstatningsbeløp 1.057.291
Aust-Agder: 25 sau, 202 lam, erstatningsbeløp 556.539
Vest-Agder: 35 sau, 171 lam, erstatningsbeløp 538.169
Rogaland: 0 sau, 11 lam, erstatningsbeløp 19.435
Hordaland: 0 sau, 49 lam, erstatningsbeløp 119.125
Sogn og Fjordane: 65 sau, 284 lam, erstatningsbeløp 916.017
Møre og Romsdal: 63 sau, 750 lam, erstatningsbeløp 1.865.335
Nordland: 433 sau, 2.631 lam, erstatningsbeløp 8.000.184
Troms: 105 sau, 770 lam, erstatningsbeløp 2.120.789
Finnmark: 91 sau, 244 lam, erstatningsbeløp 981.863
Trøndelag: 1.211 sau, 4.949 lam, erstatningsbeløp 16.115.400
(©NPK)