Takkar nei til attval

Sigurd Reksnes takkar nei til attval som fylkesleiar i Senterpartiet.

Sigurd Reksnes har gjeve valnemnda i Sogn og Fjordane Senterparti melding om at han ikkje ønskjer å stille til attval som fylkesleiar. Reksnes har vore fylkesleiar i seks år, og var før det nestleiar i fylkespartiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore ei ære og ei glede å vere fylkesleiar desse seks åra. Vi har i fellesskap oppnådd svært mykje, og vi har fått fleire av dei beste valresultata i Sogn og Fjordane Senterparti si historie i denne perioden. Det har vore veldig kjekt å vere leiar for eit slikt flott lag, seier han i ei pressemelding.

Reksnes fortel at han vil halde fram med å arbeide for Senterpartiet:

– Sjølv om eg gjev meg som fylkesleiar, er eg framleis topp motivert for å bidra til Senterpartiet, og eg har ingen planar om å gje meg i politikken. No kjem eg til å prioritere verva mine som fylkestingsrepresentant i Vestland, og sentralstyremedlem i Senterpartiet framover.

Senterpartiet sitt fylkesårsmøte skal vere i Sogndal 11. og 12. mars 2022.