Gro Marie Svidal er på bana med ny plate ”Eilov” som ho reiser på turne med no i januar.

Svidal på turné med ny plate

Hausten 2009 debuterte Gro Marie Svidal med sitt første solo album på hardingfele. Albumet fekk god omtale og terningkast fem i Aftenposten. No er den virtuose og omtykte felespelaren aktuell med si andre soloplate. Den har fått tittelen ”Eilov” og siktar høgt mot folkemusikkhimmelen.


Noregsmeister på hardingfele frå 2014, Gro Marie Svidal, har det solistiske og tradisjonelle slåttespelet som sitt sterkaste uttrykk. Gjennom eit smakrikt utval presenterer ho ulike klangar, rytmar og stemningar på det nye albumet ”Eilov”. Det meste av musikken hentar ho frå Sogn og Fjordane og Hordaland.

– Ei sterk kraft

– Denne musikken har ei enorm sterk kraft i meg. Den boblar og trengjer seg på. Den er i tillegg ein stor del av identiteten min og eg har ein sterk kjærleik til slåttane. Det er ei underleg, men god kjensle, seier Svidal.

Drivkrafta for arbeidet ligg utanfor det konserverande, og Svidal er opptatt av den kunstnarlege sida av formidlinga.

– På denne plata leitar eg etter side hos både meg sjølv og slåttane som appellerer til kjensler anten det er rytmisk suggererande eller stille ettertenksamt. Likevel held eg meg innanfor det tradisjonelle. Der er det utruleg mykje å hente.

Tradisjonen er ho medviten om. Den kjem ho ikkje unna, og ho ser seg sjølv står i ei lang rekke av utøvarar som dannar ein heilskap større enn seg sjølv. Namnevalet for det nye albumet var såleis ikkje tilfeldig. Eilov er eit gamalt nordisk namn med røter i det norrøne. ”Ei” tyder aleine eller eineståande, og ”lov” tyder etterkomar eller arvtakar. Ho tykte det passa fint når ho solistisk formidlar musikk som er blitt utvikla og finslipt i generasjonar.

Alt fall på plass

– Eg brukte lang tid på å finne namn til plata. Eg visste eg ville ha eit personnamn, gjerne med røter attende i tid. Då eg kom over namnet Eilov, fall alt på plass. Det summerer så fint den kjensla eg har for det eg arbeider med, og korleis eg ser på meg sjølv i høve til tradisjonen. I tillegg kling det nesten som ”I love”, smiler Svidal.

Og med eit platenamn som kling godt også på engelsk, håpar Svidal å ta eit steg vidare ut i verda.

– Den norske slåttemusikken har eigenskapar den utanlandske tilhøyraren er nyfiken på. I Tyskland og Japan er det stor interesse for den særeigne hardingfela, seier Svidal, som allereie har vore mykje på reise i utlandet, og som er blitt spelt på fleire utanlandske tv- og radiostasjonar.

For ikkje lenge sidan blei eit opptak av ho sendt på spansk radio.

Men først på agendaen står ein lanseringsturné i Noreg. Den opnar med eit førslepp på Geilo, og held fram i Jølster med konsert på Låven på Jølstramuseet 21. januar, på Utne i Hardanger, i Bergen, i Fjaler, i Oslo og på Lampeland i Numedal. Svidal hadde sett føre seg ein lenger turné, men andre oppdrag har ført til at turneen må splittast opp i fleire bolkar.

– Eg gjennomfører desse sju konsertane no i januar, og så kjem det fleire solokonsertar ut gjennom året, avsluttar Svidal.