Helge Hafsås (t.v.) måtte sjå seg slått av Sverre Nesdal Aske i den første Gloppen Halvmaraton.

Sverre Nesdal Aske vann første Gloppen Halvmaraton

Sverre Nesdal Aske (Fj/V) slo til med siger i sitt første halvmaratonløp.

Han la seg bak maratonkongen Helge Hafsås (Olden), men stakk frå to km frå mål.
– Eg er ikkje van med å springe så langt på asfalt. Eg lurer på korleis beina er i morgon, smiler Sverre. Vanlegvis likar han å delta i toppløp rundt om.

Berre tre lokale
Sverre Nesdal Aske var ein av berre tre lokale løparar. Det er altfor dårleg, meiner han.
Helge Hafsås har over 230 maratonløp i beina. Kor mange halvmaraton, har han ikkje teljing på. Det spring han ikkje så ofte.
– Eg låg tett opp under melkesyrenivå heile tida. Eg prøvde å smårykkje her og der, men eg heldt ikkje til mål, seier Helge Hafsås som no har passert 50 år.

Tredje raskast i herreklassen var Per Olav Bøyum, Syril, på tida 1,21.05.



Blant kvinnene var Linda Hovde, Ålesund, klart raskast. Ho kom i mål på tida 1,34.57. Nest raskast var Jorunn Tennebø, GFIL, på tida 1,53.28, medan Kristine Gustavsen Hansen hadde den tredje beste tida. Ho kom i mål på tida 1,59.00.

Fleire kvinner frå eit maratonmiljø i Bergen stilte til start. Dei var inviterte til Gloppen av Torill Ulvesæter (imidten). Nærast Bente Andersen.