Alle foto: Ann Kristin Gaare.

Svana har kvikna til

– Svana er innlosjert i fjøsen, har kvikna til og er på beina, fortel Ann Kristin Gaare i Jølster ettersøkslag fredag kveld.

Fredag føremiddag rykka ho ut til Audhild Vikens Vevstove på Skei der ei forkomen songsvane hadde slått seg ned utanfor inngangen til butikken.

Les også
Svane stranda ved butikk på Skei

– Svana er sjekka av veterinær og har ingen ytre skadar. Eg har vore i kontakt med Svanehjelpen og fått råd om å gje henne erter, mais og så grovt brød som mogleg. Ho har fått brødrestar og erter, og så skal eg sjå om eg får tak i noko pellets til vassfuglar, seier Gaare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein veit ikkje kva som gjorde at svana var redusert og slo seg ned midt i Skei sentrum, men kanskje skuldast det underernæring.

– Ho skal vere åtte-ti kg, men eg trur ikkje ho var det. Eg tippar ho treng mat. Ho verkar ikkje like redusert no som då vi henta henne.

Om den gode utviklinga held fram, vil svana bli sleppt fri på Jølstravatnet.

– Svanehjelpen meiner vi bør ha henne inne ei vekes tid. No skal ho få mest mogleg fred og ro og sleppe å vere redd iallfall, understrekar Ann Kristin Gaare.

Alle foto: Ann Kristin Gaare.