Årets lesartur går til Svalbard første august. Sjølv om det er ei stund igjen, er det lurt å melde seg på no for å vere sikker, meiner Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Svalbard freistar Firda Tidend sine lesarar

Det er god respons på tilbodet om å delta på lesarturen til Firda Tidend i samarbeid med Travelnet Fjordane Reisebyrå til Svalbard.

– Det er som vanleg god respons. Så langt har vi 12 ledige plassar, fortel Svein Ryssdalsnes i Travelnet Fjordane Reisebyrå på Sandane. Han har vore ansvarleg for planlegginga av dei fem tidlegare lesarturane.

Ryssdalsnes karakteriserer dei tidlegare lesarturane som svært vellukka og fortel om gode tilbakemeldingar. Tidlegare turar har gått til Amsterdam, Dublin, Stockholm, Island og i fjor Færøyane.

– Kvart år er det nye deltakarar, men vi ser også at det er mange tidlegare medreisande. Det er ei stadfesting på at turane fell i smak, seier han. Ei årsak er at turmålet freistar, og at programmet fell i smak. Dessutan er det både trygt og sosialt å delta på lesarturane. Det er noko fleire melder tilbake.

Avreise for årets lesartur er første august frå Sandane med heimreise femte august.

Les meir i papirutgåva fredag.