Illustrasjonsfoto.

Svært mange feira ein kjøleg, men flott 17.mai

Temperaturane var ikkje all verda, det sytte ein litt kald vind for. Men vinden fekk i alle fall flagga til å vaie, og grøne bøar og snøkvite fjell skapte ei vakker ramme rundt dagen som svært mange feira i år.

– Eg trur neppe eg har sett så mange i toget som i år, sa Nils Jordanger etter å ha sett toget i Breim. Det same var tilfellet på Sandane, der også svært mange gjekk i tog og tok del i markeringa ved omsorgssenteret. Det vart meldt om uvanleg stor omsetning av brus og is.

Motorisert musikk
Nytt av året for Gloppen sin del var at det vart rasjonering av korpsmusikk i barnetoga rundt om. Sandane/Breim skulekorps og Gloppen janitsjar såg seg ikkje syn med å spele alle stader, så dermed vart Rygg og Vereide utan levande musikk i år.

På Rygg vart problemet løyst ved at ein traktor med hengar køyrde føre toget, og i hengaren var det plassert eit musikkanlegg av det litt vaksne slaget. Med den ikkje heilt ukjende spelemannen Steinar Engelbrektson som musikkmaskinist vart det korpsmusikk av beste merke. Etter det vi kunne forstå så fungerte løysinga godt, og mange kommenterte at dette ”korpset” aldri kunne spele seg trøytt, og heller ikkje spelte særleg feil eller falskt.

Sjå biletreportasje i papiravisa måndag.