Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) er blant dei mange ordførarane som ikkje ønsker å splitte opp sin nysamanslåtte kommune. Foto: Geir Olsen/NTB/NPK.

Svært få ordførarar vil dele opp samanslåtte kommunar

Berre éin av dei 42 ordførarane i samanslåtte kommunar ønskjer å splitte opp kommunen igjen, slik Senterpartiet vil opne for.

– Heile ideen er så meiningslaus. At du etter vel eit år skal byrje å reversere prosessar som knapt har byrja, seier ordførar Alfred Bjørlo (V) i Stad til Adresseavisen.

Senterpartiet har lova at dei vil splitte nygifte kommunar der eit fleirtal av innbyggjarane i éin av dei gamle kommunane vil ut av den nye kommunen. Dei ønskjer å la folkeavstemmingar avgjere saka, heller enn lokalpolitikarane, sidan dei ikkje trur lokalpolitikarane kjem til å stemme for å splitte eigen kommune. Dette møter òg motstand hos den moglege regjeringspartnaren til partiet, Arbeidarpartiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også ei rekkje Senterparti-ordførarar seier nei til å dele opp kommunen igjen i Adresseavisens undersøking. Den einaste som svarer ja er Britt Kristoffersen (Ap) i Hamarøy. Fire ønskjer ikkje å svare, og Adresseavisen har ikkje fått svar frå éin.

(©NPK)