SV trekkjer seg frå regjeringssonderingane. Foto: Lise Åserud/NTB/NPK.

SV stadfestar at dei går ut av regjeringssonderingane

SV går ut av sonderingane om ei raudgrøn trepartiregjering saman med Ap og Sp, stadfestar SV-leiar Audun Lysbakken.

– Vi er svært skuffa over at det ikkje er grunnlag for ei raudgrøn regjering i denne omgangen. Sidan valet har vi jobba hardt for ei regjering som reduserer forskjellane og tek kraftfulle grep mot klima- og naturkrisa, seier Audun Lysbakken.

Han påpeikar at det heile tida har vore klart at den heilskaplege politikken for rettferdig fordeling og heilskapen på klima og natur ville avgjere om SV går i regjering.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er fordi vi ser at heilskapen på desse områda ville vorte for svak at vi no går i opposisjon og kjempar for desse sakene i Stortinget, seier Lysbakken.

Går i opposisjon

Det er no openbert at SV kan få til ein betre politikk for veljarane sine i opposisjon enn ved å delta i regjering på premissane som er avklarte i sonderingane, ifølgje SV-leiaren.

– Å akseptere desse ville innebere at vi ville skuffe folk som er opptekne av eit kraftfullt taktskifte for klima, natur og rettferdig fordeling. No går SV i opposisjon, utan binding til den kommande Ap-leidde regjeringa, seier han.

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV har i fire dagar vore samla til intense samtalar om eit mogleg regjeringssamarbeid på Hurdalsjøen Hotell.

Mister fleirtalet

Med SV ute av prosessen ligg det an til ei mindretalsregjering med Ap og Sp. Dei har til saman 76 av Stortingets 169 mandat.

– Partiet vil opptre konstruktivt viss regjeringa søkjer fleirtal med oss, men vil då stå fritt til å ta opp alle saker, også dei som det ikkje har vore mogleg å få gjennom i regjeringssonderingane, understrekar Lysbakken.

– SV vil når som helst i fireårsperioden vere open for å forhandle om danninga av ei raudgrøn fleirtalsregjering, vilkåret vil vere at det blir forhandla med blanke ark, seier han.