Demonstrasjon i 1979 mot utbygging av Alta-Kautokeinovassdraget. Fleire hundre norske elver er verna. Foto: Per Løchen/NTB/NPK.

SV, MDG og Raudt med verneforslag for vassdrag

Den komande energikommisjonen må ikkje eingong vurdere utbygging av vassdrag som er verna, foreslår Raudt, MDG og SV.

Ifølgje NRK legg dei tre partia fram eit felles forslag i Stortinget fredag om at verna vassdrag skal halde fram med å vere verna – og dermed at det ikkje blir opna for utbygging.

– Regjeringa har signalisert at dei kan vere interesserte i det og fått støtte frå delar av opposisjonen. Det må stansast ein gong for alle. Det kan berre gjerast gjennom eit vedtak i Stortinget, seier Rasmus Hansson (MDG).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Noko av det største naturtapet har skjedd ved regulering av vassdrag. No har villaksen komme på raudliste, det same har villreinen og mange andre artar. Det er kjempeviktig å halde på vernet, seier Birgit Oline Kjerstad (SV).

Dei tre partia meiner at løysinga på høge straumprisar ikkje er å byggje ut fleire vassdrag, og Sofie Marhaug (Raudt) meiner uansett at ei utbygging vil ha avgrensa effekt på kraftproduksjonen.

– Det gir ikkje masse ny energi og vil ikkje dempe den straumpriskrisa som vi har no, seier Marhaug til NRK.

(©NPK)