I haust gjekk staten med på å kompensere bøndene med nærmare 754 millionar kroner for dyrare gjødsel og andre varer. I sitt alternative budsjett har SV droppa kompensasjonen. Illustrasjonsfoto: Halvard Alvik/NTB/NPK.

SV droppar bondekompensasjon i budsjettet – vil stemme for i Stortinget

I det alternative budsjettet sitt har SV ikkje funne rom for 754 millionar i kompensasjon til bøndene, som det vart semje om i haust.

I SV-budsjettet som vart lagt fram måndag, er ikkje kompensasjonen nemnd med eitt ord.

I haust forhandla bondeorganisasjonane og staten om kompensasjon til bøndene på grunn av kraftig prisauke på kunstgjødsel og andre varer. I slutten av oktober vart partane samde om ein førebels kompensasjon på 754 millionar kroner over statsbudsjettet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette ligg inne i tilleggsnummeret til Støre-regjeringa, medan SV altså har droppa løyvinga.

SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes forklarer kuttet slik:

– Vi sit ikkje i regjering og er ikkje staten, og det er ikkje vårt ansvar å vite korleis staten skal finansiere dei fortløpande forpliktingane sine. Vi visste ikkje korleis regjeringa kom til å leggje inn kostnadskompensasjonen før dei la fram tilleggsproposisjonen sist måndag. Då hadde vi allereie vedteke det alternative budsjettet vårt, seier han til Landbruk24.

– Når det er sagt, så kjem vi i Stortinget til å fullt ut støtte den kostnadskompensasjonen. Det er ingen tvil, vi kjem til å finne inndekking for dette, understrekar Knag Fylkesnes.

Måndag starta budsjettforhandlingane på Stortinget mellom SV, Arbeidarpartiet og Senterpartiet på Stortinget. Målet er å komme fram til eit budsjett det blir fleirtal for.

(©NPK)