Jølster omsorgssenter på Skei. Arkivbilete.

Sunnfjord kommune innfører nye restriksjonar

Sunnfjord kommune har innført besøksrestriksjonar i omsorgssenter og omsorgsbustader for personar som har vore på reise i Bergen, Oslo og Viken.

– Det er for tida mykje koronasmitte i enkelte område i Noreg. Vi må gjere det vi kan for å unngå at pasientar og bebuarar i omsorgssentera og i omsorgsbustadane vert utsette for smitte. Pårørande eller andre som har vore på reise i områda Bergen, Oslo og Viken kan ikkje kome på besøk i omsorgssenteret før ti dagar etter heimkomst, skriv kommunen på heimesidene sine.

Pårørande som bur i desse områda og er på besøk i Sunnfjord kommune kortare enn ti dagar, kan få dispensasjon til å besøke pasient/brukar i omsorgssenter eller omsorgsbustad dersom:

* Dei er friske og utan symptom på luftvegsinfeksjon.

* Har fersk koronatest som er negativ.

* Er kjend med gjeldande smittevernreglar og følgjer desse.