Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby besøkte Ammerudlia barnehage i Oslo etter gjenopninga i vår. Utdanningsforbundet fryktar at barnehagane ikkje får dekt ekstrautgiftene dei har hatt til smitteverntiltak i sommar. Foto: Vidar Ruud/NTB.

Styrarar meiner smittevern tærer på barnehageøkonomien

Mange barnehagar får ikkje dekt utgiftene dei har for å følgje smitteverntiltaka, viser ei undersøking blant styrarane.

– Vi veit at allereie før koronakrisa var økonomien i mange barnehagar dårleg. Då er det svært urovekkande at halvparten av styrarane svarer at dei har dårlegare økonomi no, seier Utdanningsforbundets leiar Steffen Handal.

Han ber kunnskapsminister Guri Melby (V) sørgje for at det kjem tilstrekkeleg pengar til vidare drift og at koronautgiftene blir fullt ut dekte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reinhald og ekstra bemanning

Ekstra reinhald og auka bemanning gjer at det kostar meir å drive barnehagane under pandemien. Forbundet har fått Respons Analyse til å spørje barnehagestyrarane om dei får dekt dette.

Av dei 821 styrarane som svarte, seier 43 prosent at dei i nokså lita grad, i lita grad eller ikkje i det heile får dekt meirutgiftene i tida frå barnehagane vart gjenopna i slutten av april og fram til august. Dei har heller ikkje fått løfte om å få utgiftene dekte. Ein nesten like stor del seier dei får dekt utgiftene i noka grad eller i stor grad.

På spørsmål om barnehagane er lova pengar for å dekkje ekstra kostnader framover, svarer 65 prosent av styrarane at dei i nokså liten, liten eller inga grad har fått det.

Fleirtalet av barnehagestyrarane meiner økonomien er dårlegare no enn før koronautbrotet. 42 prosent svarer at den økonomiske situasjonen er omtrent den same. Fleire styrarar i private barnehagar enn i kommunale seier dette.

Blant styrarane som seier at den økonomiske situasjonen er dårlegare no enn før, svarer 44 prosent at dette går ut over tilbodet til barna.

Vil ikkje gripe inn

– I utgangspunktet meiner vi at kommunen er nærast til å vite kvar skoen trykkjer og til å vurdere kvar tilleggsløyvingane skal setjast inn. Det er ikkje aktuelt for oss å gripe inn i dei lokale budsjettprosessane. Eg vil likevel oppmode kommunane om å sørgje for at barnehagane får dekt utgifter til smittevern, seier kunnskapsminister Melby i kommentar til NTB.

Ho viser til at kommunane fekk nær 20 milliardar kroner i ekstraløyvingar i vår, samtidig som dei sparer på lågare lønns- og prisvekst.

– I tillegg la regjeringa fram ein ny tiltakspakke 21. september med forslag om ytterlegare 2,5 milliardar kroner til kommunesektoren. Barnehagane vart òg direkte kompenserte for tap av foreldrebetaling, legg ho til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men for å få oversikt har regjeringa og KS sett ned ei arbeidsgruppe for å sjå på kva koronakrisa betyr for kommuneøkonomien.

– Dersom det viser seg at kompensasjonen som allereie er gitt til kommunesektoren, er for liten, vil regjeringa følgje opp med forslag til auka løyvingar, legg Melby til.

Ustabil bemanning

Undersøkinga blant barnehagestyrarane tyder òg på at sjukefråværet blant dei tilsette har auka etter sommaren. Det kan henge saman med at terskelen er lågare for å halde seg heime ved luftvegssymptom.

Mange styrarar er bekymra for at det er vanskeleg å skaffe vikarar og at det blir mykje utskifting og uro for barna.

– Bemanningssituasjonen er i utgangspunktet veldig skjør. Dette gjer det ikkje lettare, konstaterer Handal.

(©NPK)