Halvparten av oss slit med hovudverk, og ein av seks har det kvar einaste dag. Illustrasjonsfoto: Wilma Nora Dorthellinger Nygaard/NTB/NPK.

Studie: Halvparten av befolkninga i verda slit med hovudverk

Ein ny studie frå NTNU-forskarar viser at halvparten av alle i verda har problem med hovudverk i ulik grad.

– Det er ei reell og veldig hyppige liding. Tilstanden er veldig utbreidd i alle land, sjølv om det kan vere forskjellar, seier professor Lars Jacob Stovner ved NTNU til NRK.

Han og kollegaer har gått gjennom 300 forskingsartiklar om temaet frå ein periode på 60 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei meiner å ha funne at opptil halvparten av innbyggjarane i verda har problem med hovudverk i ulik grad. Det kan vere både smertefullt og øydeleggjande, og tidlegare forsking har vist at migrene er den viktigaste årsaka til funksjonshemning for folk under 50.

Opptil ein av seks har hovudverk kvar einaste dag, og halvparten av desse har migrene. I Noreg har forskarane funne at det er 900.000 som slit med hovudverk.

(©NPK)