Det vart eit nytt tap for June Kleppenes Sårheim og resten av GHK sitt damelaget. Arkivfoto

Stryn braut sigersrekkja til GHK

GHK-damene har løfta seg dei siste kampane og klatra på tabellen, men heimekampen mot Stryn vart ein nedtur.



GHK hadde fem strake sigrar før kampen og plassert seg midt på tabellen. Onsdag kveld hadde laget sjansen til å konsolidere tabellposisjonen, men let sjansen gå frå seg.

Skuffande


Førre gong dei to laga møttest, vart det uavgjort i ein kamp GHK førte nesten heile vegen. I Trivselshallen var rollene bytta om. Stryn var i føringa, med heimelaget eitt, to, og på det meste fem mål bak. Viktigaste årsaka var at GHK svikta totalt i avslutningsfasen. Sjeldan ser ein så mange skot over, til sides, eller på målvakta. Når det heile vart krydra med ei rekkje personlege feil, blir det vanskeleg. I tillegg greidde GHK ikkje å nøytralisere Stryn sin Ivana Kresic som trass tett markering scora ni mål. Ved pause leia Stryn med to mål.





I andre omgang såg det ei stund ut til å bli spennande. Heimelaget løfta seg i forsvar, fleire avslutningar sat der dei skulle, og målvakta hadde fleire gode redningar, inkludert strafferedning. GHK sleit seg til 21 – 22 seks minutt før full tid, men der var det slutt.


Skuffande


Nok ei dårleg avslutning fire minutt før full tid og straffe til gjestene resulterte i at Stryn sikra ein komfortabel firemåls siger.


– Dette var skuffande. Det positive var at vi henta inn att femmåls leiinga til Stryn, seier trenar Øyvind Indrebø. Han meiner GHK periodevis stod bra i forsvar.


– I angrep vert vi for utolmodige og brenner for mange sjansar. No gjeld det å nullstille seg til kampen laurdag. Då møter vi topplaget Årstad, seier trenaren.


Innsatsen mot Stryn gjev ikkje grunn for særleg optimisme, men Øyvind Indrebø har eit håp, og vi håper han har rett.


– Denne avdelinga er slik at vi kan slå alle og tape mot alle, seier han.


Kampfakta


3. div. handball


Trivselshallen


GHK – Stryn 21–25 (10–12)


GHK:


Linn Kristin Øren, Heidi Merete Sægrov (9), Bodil Hjelmeset (1), Martine Gøransson (6), Eli-Anne Sandal Birkelund (2), Lena Gimmestad Støyva, Maria Lothe (2), Torill Henden Gaasø (1), June Kleppenes Sårheim, Oda Mellingen Lothe.


Dommarar: Terje Holvik og Tor Bjarne Midtun.

Heidi Sægrov vart gratulert med 30-års dagen. Ho vart nok ein gong lagets mestscorande. T.v. Benedicte Kvellestad og Linn Kristin Øren.