Foto: Vidar Ruud/NTB scanpix/NPK.

Straumprisen har aldri vore høgare

Syntest du straumrekningane var plagsamt høge i fjor? Då hadde du rett. Straumprisen har aldri vore høgare.


Den gjennomsnittlege straumprisen var 48,6 øre per kilowattime i 2018 – 41 prosent meir enn året før og det høgaste nivået som er registrert i statistikken, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).


Tek ein med nettleige og avgifter, var gjennomsnittsprisen på 114,9 øre per kilowattime i 2018. Det er 19 prosent høgare enn i 2017 og det høgaste nivået som er registrert på SSBs statistikk nokon gong.


Vi må tilbake til 2010 og 2011 for å finne straumprisar i nærleiken av dette nivået.



– Ekstraordinært år

Det var først og fremst forhold utanfor Noreg som påverka kraftprisane i fjor, ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som auka priser på gass og kol, og dessutan ein vesentleg høgare pris på CO2-kvotar i EU. Det gav auka kostnader for kraftproduksjon i Europa og påverka dei norske kraftprisane gjennom import frå og eksport til landa vi har samband til.


Men 2018 var òg «eit ekstraordinært år», med ein rekordtørr sommar som gjekk rett inn i ein haust med historisk mykje nedbør, ifølgje konstituert vassdrags- og energidirektør Anne Britt Leifseth. Det samla kraftforbruket enda på 135,4 terrawattimar. Den auka kraftetterspørselen kom av kaldt vêr på våren, auka elektrifisering og auke i kraftkrevande industri. Spesielt uttaket av straum til petroleumssektoren auka i fjor.



Billegast med fastpris

Aller dyrast var straumen for hushalda som hadde kontraktar med variabel pris. Dei måtte ut med gjennomsnittleg 52,6 øre kilowattimen. Kontraktar knytte til elspotprisen hadde ein gjennomsnittspris på 47,6 øre per kilowattime. Det er denne typen kontraktar som er den vanlegaste straumkontrakten for hushald.


Den lågaste straumprisen hadde dei med eldre fastpriskontraktar. Dei slapp unna med 31,9 øre kilowattimen, eksklusive avgifter og nettleige. Få hushald har straum gjennom fastpriskontraktar, og desse kontraktane utgjer ein liten del av det totale straumforbruket. (©NPK)