No blir det dyrare å få tilgang på straumnettet. Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven/NTB/NPK.

Straumen blir dyrare i 2024 når nettleiga gjer eit byks

Fleire store selskap varslar prishopp for nettleiga i 2024. Det betyr at straumrekninga di blir høgare.

Nettleiga – avgifta du betaler for å bruke straumnettet – auka med over 20 prosent i fjor. No blir nettleiga ytterlegare skrudd opp, melder Klassekampen.

No varslar fleire store selskap prisbyks igjen. Tensio, som leverer straum til omtrent ein halv million menneske i Trøndelag, auka nettleiga 1. januar med 15 til 20 prosent. Dei reknar med at det betyr at straumrekninga for folk i leilegheit i snitt aukar med 1350 kroner, og med 2500 for dei som har einebustad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elvia, det største nettselskapet i landet, har førebels ikkje sendt varsel om auke, men kommunikasjonssjef Morten Schau seier det er sannsynleg at det skjer i år. (©NPK)