Straumbrot i Stardalen laurdag kveld. (BKK Nett)

Straumlause på laurdagskvelden

Etter fem timar utan straum laurdag kveld var feilen retta og folk i Stardalen fekk straumen tilbake.

Straumen gjekk litt over klokka fem laurdag ettermiddag, og litt før halv elleve var han tilbake.

BKK Nett har fått melding om feil på høgspentnettet på strekninga Skei - Stardalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt over klokka sju laurdag kveld melder BKK at dei har funne feilen, og har byrja reparere den. Dei venta likevel ikkje å vere ferdige før i ellevetida.

– Vi har lokalisert feilen, og det blir diverre lang reperasjonstid, melder BKK Nett til dei involverte kundane. Dei reknar innkopling rundt klokka 23.00.

Straumen i området skal ha gått 17.15 laurdag kveld. Då melde BKK Nett at 158 kundar var ramma av straumbrotet. I åttetida var talet 128 kundar.