I fjor var Tom Cruise på innspeling i Hellesylt i Stranda kommune. I år er kommunen den mest populære blant DNB-kundar. Foto: Geir Olsen/NTB/NPK.

Stranda er mest populær hos DNB-kundar

Alle dei ti mest populære feriedestinasjonane er på Vestlandet, i Midt-Noreg og Nordland, viser kortbruken til DNB-kundar. Mest populær er Stranda kommune.

Tilreisande står bak 9 av 10 av DNB sine korttransaksjonar i fjordkommunen Stranda på Sunnmøre, skriv E24.no.

Det gjer kommunen til det mest populære reisemålet så langt i sommar, ifølgje DNB sin nasjonale analyse av sommarforbruket.

Bak Stranda er Lom, Aurland (som var fjorårets mest populære på same tid), Stryn og Moskenes.

(©NPK)

Geiranger i Stranda kommunen er ein av dei mest kjende turistdestinasjonane i Noreg. Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK