Kommunedirektør Anders Skipenes informerte onsdag formannskapet om den økonomiske stoda i Gloppen kommune. Arkivfoto.

Strammar seg ytterlegare litt til

Kommunedirektøren i Gloppen skildrar økonomien som svært stram, og har få forhåpningar om at det nye inntektssystemet som regjeringa arbeider med vil endre situasjonen.

Verbalforslaga i budsjettet for 2024 er gjorde om til tal i endeleg budsjett, som formannskapet i Gloppen blei informerte om i møtet onsdag.

Det store biletet for økonomien til Gloppen ser framleis likt ut, men det er venta eit noko større underskot i år og noko mindre overskot dei tre neste åra, opplyste kommunedirektør Anders Skipenes i møtet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stram økonomi

Kulturmidlane på 822.000 kroner var eitt av temaa som kom opp under møtet i formannskapet.

Budsjettvedtaket frå kommunestyret medfører at posten knytt til kulturmidlar skal dekkjast med tilsvarande kutt i ramma til formannskapet.

Denne ramma består av politisk verksemd, drift av kommuneadministrasjonen og kostnader knytt til interkommunale samarbeid.

– Kommunedirektøren legg til grunn at den politiske verksemda i Gloppen vil halde fram som planlagt. Kommunen sine kostnader knytt til interkommunale samarbeid er knytt til avtalar, og kan ikkje einsidig kuttast frå Gloppen si side. Då står ein att med administrasjonen, forklarer kommunedirektøren i eit svar til Firda Tidend.

Kommunedirektøren har per no ikkje noko tydeleg bilete av innsparingstiltak som kan gi ein effekt i 2024 på 822.000 kr.

– Dei tiltaka kommunedirektøren meinte var realistiske, var allereie lagde inn i budsjettframlegget frå kommunedirektøren, viser Skipenes til.

Underskot i 2024, deretter mindre overskot

Skipenes skildrar kommuneøkonomien som svært stram ut frå økonomiplanen som no ligg føre, med eit handlingsrom tilnærma lik null.

I formannskapsmøtet onsdag vart det opplyst at det eksakte låneopptaket knytt til bygging av Hyen skule ikkje har vore klart før eit stykke ut på nyåret. Det vart vist til at no når kommunen har fått full berekning av nødvendig låneopptak, er situasjonen litt dårlegare enn han var i utgangspunktet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den samla prosjektkostnaden for Hyen skule er på 106 millionar kroner inkludert moms. Kommunen får refundert meirverdiavgifta på 26,5 millionar, og har til no utgiftsført prosjektkostnader på cirka 11 millionar kroner. Det betyr at lånebehovet blir på rundt 68,5 millionar kroner.

– I tidlegare økonomiplan var investeringssummen, som var avsett til bygging av ny skule i Hyen, 50 millionar (ekskl. mva.) – eller 62,5 millionar. Prosjektet er såleis blitt vesentleg meir kostbart (43,5 millionar) enn det ein har halde seg til tidlegare. Dette har sjølvsagt auka lånebehovet, opplyser kommunedirektøren.

«Nullsumspel»

I 2024 ventar kommunen eit netto driftsresultat på om lag -5,8 millionar kroner. I perioden 2024–2027 ventar ein netto driftsresultat på 1 million kroner i 2025, 0,5 million kroner i 2026 og tilsvarande i 2027.

Skipenes viser til at regjeringa arbeider med nytt inntektssystem for kommunane, men har ikkje store forhåpningar knytt til dette for Gloppen sin del.

– Det er for tida usikkert korleis dette vil slå ut for Gloppen. Det vil uansett verte eit «nullsumspel», og kommunedirektøren har ingen forventningar om radikal endring i positiv lei for Gloppen sitt vedkomande, opplyser Anders Skipenes.