Store og små er inviterte inn for å feire Magnus Lagabøtes landslov, som fyller 750 år i år. Foto: Stortinget/NPK.

Stortinget feirar med å opne dørene

I år er det 750 år sidan den første riksdekkande lova vart innført i Noreg. Stortinget inviterer derfor til open dag for å feire.

– Stortinget er folket sitt hus, og eigentleg skulle vi ønske at dørene kunne stå på vidt gap for folk kvar dag. Då er det ekstra stas å kunne opne dørene ved nokre heilt spesielle høve, påpeikar stortingspresident Masud Gharahkhani i ei pressemelding.

Alle er invitert inn på Stortinget nokre ettermiddagstimar den 2. februar, med markering gjennom både foredrag, improteater og kroneverkstad. (©NPK)