Animasjon som viser Eid sentrum med det nye bustadfeltet i Hogaåsen. Foto: Eid kommune

Stort tomtesal i Eid

I dag, 22. desember 2015, legg Eid kommune ut for sal 39 bustadtomter i Hogaåsen i Nordfjordeid sentrum. Det er største nye bustadfeltet i Eid på over 30 år. Med på kjøpet følgjer rådgjeving om korleis ein kan byggje mest mogleg energieffektive hus, til glede for både miljø og privatøkonomi, skriv Eid kommune i ei pressemelding.

– Å legge til rette for å byggje eigen bustad til overkomeleg pris sentralt og nært barnehage, skule, service-, fritids- og handelstilbod, må vere eit konkurransefortrinn for tettstader i Sogn og Fjordane samanlikna med storbyane, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

Han peikar på at alle som har prøvd å bu i- eller nært -ein storby med born, veit at det er eit tungvint liv med mykje stress i kvardagen. Nordfjordeid og andre større tettstader i Sogn og Fjordane kan i kontrast til dette tilby eit ”10-minutts samfunn”, der alt du treng i kvardagen er i gangavstand. Born og unge har dessutan i ein kommune som Eid eit fullgodt tilbod av skule- og fritidstilbod – til dels av høgare kvalitet enn i mange storbyar.

Når Eid kommune no satsar stort på å legge ut 39 nye bustadtomter på Nordfjordeid, er det fordi dei har stor tru på vekst og utvikling i åra framover. I år passerer kommunen 6.000 innbyggjarar, og har ein bu- og arbeidsmarknadsregion rundt seg på ca. 50.000 menneske med eit stort mangfald av næringsliv og arbeidsplassar.

– Det er også viktig for Eid kommune å vere i forkant når det gjeld energi- og miljøkrav til nye hus. Difor vil vi tilby alle som byggjer hus i Hogaåsen og andre kommunale bustadfelt i kommunen rådgiving om smarte energiløysingar og kva tilskots- og støtteordningar som finst til dette, i samarbeid med lokalt næringsliv. Å byggje miljøvenleg er ei god investering både for klimaet og eigen privatøkonomi, og vi vil gjere dette enklast mulig for alle som vil byggje hus i Eid, seier ordførar Alfred Bjørlo.

Fakta om Hogaåsen bustadfelt:
• 39 tomter for einebustader og tre tomter for tett utbygging i første byggjesteg som står ferdig ved årsskiftet 2016/17. Til saman i heile feltet er det 120 bustadtomter.
• Eid kommune opnar for å søkje om tildeling av tomter 22. desember 2015. Fyrste tildeling av tomter 01. februar 2016. Byggjestart frå desember 2016.
• Alle tomter vert levert med opparbeidd veg og tilgang til vatn, kloakk og kablar til tomta. Entreprenør K.A. Aurstad står for opparbeidinga av feltet.
• Tomtene er sørvende og sentrumsnære, med gangavstand til barnehagar, barneskule, ungdomsskule, vidaregåande skule, idretts- og symjehall, kunstgrasbaner, operahus, ridesenter og kort veg til turstiar og fjell.