"Ann G" la til kai ved Kattahamrane fredag føremiddag.

Storfint på besøk på Sandane

Superyachten "Ann G" klappa til kai ved Kattahamrane på Sandane i halv tolv-tida fredag føremiddag.

Den 50 meter lange flytande luksusen vart overlevert eigarane i juli. Båten kom då direkte frå verftet i Nederland til Stavanger, før turen gjekk til Bergen og vidare via Sogn til Gloppen.

Ifølgje Sogn Avis skal ein russisk familie og representantar frå verftet vere om bord, i tillegg til mannskapet.



Båten er bygd av nederlandske Heesen Yachts. Yachten har tre dekk og fem lugarar, ein stor beach club med bar, eit tyrkisk bad og treningsutstyr. I tillegg kjem ein lagerstad for tenderbåtar og vassleikar i garasjen, opplyser Arcon Yachts til Sogn Avis.

Blåfargen på skroget skal vere spesialdesigna for "Ann G".