Stortingsrepresentant Tore Storehaug står øvst på KrF si liste i Sogn og Fjordane ved valet neste år.

Storehaug toppar KrF-lista

Tore Storehaug, Trude Brosvik og William Dalsbø fekk dei tre øvste plassane på Kristeleg Folkeparti i Sogn og Fjordane si valliste til stortingsvalet neste år.

KrF arrangerte laurdag 21. november nominasjonsmøte digitalt, med delegatar frå heile valdistriktet Sogn og Fjordane.

Frode Kleppe Holgersen la fram listeforslaget frå nominasjonsnemnda i starten av møtet. Nominasjonsmøtet gjekk samrøystes inn for nemnda sitt forslag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tusen hjarteleg takk til medlemene til KrF i Sogn og Fjordane som har nominert meg på førsteplass på stortingslista til neste val. Å få representere KrF og dykk heime på Stortinget denne perioden har vore det mest gjevande, krevjande og spennande eg har gjort.Vi treng eit parti som kjenner dei kulturelle røtene våre og veit kva eit menneske er verdt. Eg er klar for innsats vidare og gler meg til valkampen, seier Tore Storehaug i ei pressemelding.

Trude Brosvik slår fast at «KrF har den beste kandidaten Sogn og Fjordane kan sende på Stortinget i Tore Storehaug»:

– Og når KrF i tillegg har ein god distrikts- og næringspolitikk, i tillegg til å vere det klart beste familiepartiet, så må dette bli bra, uttrykkjer ho.

Vallista:

1. Tore Storehaug (1992), Askvoll

2. Trude Brosvik, (1961), Gulen

3. William Dalsbø (1996), Stad

4. Beate Bondevik Lie (1978), Luster

5. Kari Synnøve Muri (1965), Stryn

Artikkelen held fram under annonsen.

6. Jarle Arvid Aase (1964), Sunnfjord

7. Per Ståle HUsevåg (1969), Gloppen

8. Marta Kjellby (2000), Gulen

9. Frode Bøthun (1976), Sogndal

10: Gustav Johan Nydal (1960), Kinn