Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) vil få ned oljepengebruken. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB/NPK.

Støre vil få ned oljepengebruken

Det blir kraftige innstrammingar i neste års statsbudsjett, og oljepengebruken skal ned, varslar statsminister Jonas Gahr Støre.

– Vi må gjere det vi kan for å verne folk frå at renta går meir opp enn det Noregs Bank elles legg til grunn. Derfor seier eg no at i neste års statsbudsjett skal oljepengebruken ned. Etter mange år der svaret på alt frå førre regjering har vore å bruke meir oljepengar, så må det bli ei vending, seier Støre (Ap) til VG.

Han seier at eit mål er å halde seg med god margin innanfor handlingsregelen, som avgrensar bruken av oljepengar over statsbudsjettet til 3 prosent av oljefondet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi må godt under 3 prosent, seier Støre.

Han meiner at energikrisa, den høge inflasjonen, og krigen i Ukraina ikkje er kriser som kan løysast ved å hente meir pengar ut av oljefondet.

– Vi kan ikkje ta lett på dette. Historisk har høg inflasjon, viss den bit seg fast med pris- og lønnsspiral, nesten ingen annan utveg enn økonomisk tilbakegang og bråstopp. Du får ei økonomisk krise. Då blir det bedrifter som går over ende og vi mistar arbeidsplassar.

Han nemner skjerping av skatt som ein av måtane å stramme inn oljepengebruken på, og seier at det er sannsynleg. (©NPK)