Store styrkar leitar etter sakna person i Breim

I dag vart leiteaksjonen etter ein sakna mann i 30-åra i Breim starta opp att, med politi, Røde Kors og tre redningshundar.

Klokka ni var det briefing på Hole grendehus.

Totalt 26 personar frå Røde Kors hjelpekorps i Gloppen, Vikane, Jølster, Flora og Eid er med på leitinga som går føre seg frå Øvreset og nedover mot E39, heilt til Reed. I tillegg stiller Norske redningshundar med tre ekvipasjar.

- Vi startar no eit finsøk frå Øvresetkrysset til Hetle bru. Så vil det eventuelt bli vurdert å utvide søket seinare, seier innsatsleiar Agnar Bøyum.

Han seier det ikkje har vore noko kontakt med den sakna personen sidan natt til laurdag, då politiet snakka med han etter ei trafikkulukke han var involvert i.

- Det er påfallande at vedkomande er søkk borte. Vi må prøve å finne han, og tek utgangspunkt i kvar han sist vart sett, seier Bøyum.


Politiet ber om tips i saka, tlf. 02800.

.
Richard Schumann og Reidar Nyland i Gloppen Røde Kors koordinerer leitaksjonen frå Hole grendehus.
Også i dag har store styrkar delteke i leiteabeidet.