Partileiarane Audun Lysbakken (SV), Jonas Gahr Støre (Ap) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp) møttest torsdag på Hurdalsjøen hotell for sonderingar om regjeringsforhandlingar. Foto: Torstein Bøe/NTB/NPK.

Støre om sonderingane: – Vi må eige prosjektet saman

Påtroppande statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier dei har fått eit klart mandat om regjeringsskifte før sonderingane om regjeringssamarbeid startar.

Torsdag startar Ap, SV og Sp sonderingane om raudgrønt regjeringssamarbeid.

– Eg er glad for at vi tre møtest til det som er sonderingar, og moglegheita til å danne ei fleirtalsregjering, sa Støre då dei tre partileiarane møtte pressa i forkant av sonderingane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har fått eit veldig klart mandat frå veljarane, og det er skifte av regjering, sa Ap-leiaren.

– Det er sakene som avgjer. Kvart parti må kjenne seg igjen, og vi må leggje stor vekt på at kvart parti må sjå profilen sin i eit regjeringsprosjekt. Og så må vi eige det prosjektet saman, sa Støre.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum sa at dei skal bruke tida godt for å finne ut om det er grunnlag for forhandlingar.

– Vi skal gå rett på sak med dei mandata vi har fått. Senterpartiet er eit saksorientert parti, og kjem til å gå frå sak til sak for å sjå kva grunnlag det er for forhandlingar.

SV-leiar Audun Lysbakken seier han ser fram til samtalane og at dei forhåpentleg kjem nærare svar på kva dei kan få til saman.

– Det er politikken som avgjer. Det vi skal finne ut no er om det er politisk grunnlag for å gå vidare. Det handlar om sakene, sa Lysbakken.