Partileiarane Jonas Gahr Støre (Ap) og Erna Solberg (H) under partileiardebatten på Deichman Bjørvika onsdag kveld. Foto: Javad Parsa/NTB/NPK.

Støre knuser Solberg i ny statsministermåling

Jonas Gahr Støre styrkjer posisjonen som den føretrekte statsministerkandidaten på ei ny måling. Sp sin Trygve Slagsvold Vedum hamnar langt bak.

I vinter var Senterpartiet jamstore med Ap på målingane og Høgres Erna Solberg klar statsministerfavoritt. VGs ferske statsministermåling viser at situasjonen no er snudd på hovudet.

I ein rein duell med Erna Solberg svarer 54 prosent at dei føretrekkjer Støre, medan 39 prosent vil ha Høgre-leiaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tek ein med Vedum i reknestykket, svarer 44 prosent at dei vil ha Støre, 34 prosent at dei vil ha Solberg, og 10 prosent at dei vil ha Vedum. Støre er stornøgd med utviklinga.

– Vi gav ikkje opp, sjølv om vi låg langt nede som parti og eg hadde dårlege tal. Vi hadde tru på det vi jobba med og var samde om at vi skulle stå saman og jobbe vidare. Det er den korte versjonen, seier Støre til VG.

1.001 er spurde i samband med målingane, som har ein feilmargin på +/- 2–3 prosent, skriv avisa. Målinga er gjort 3. til 8. september.

(©NPK)