Støre åtvarar om sosiale utfordringar
Om ti år vil talet på personar i yrkesaktiv alder falle for første gong i moderne tid. Det meiner statsminister Jonas Gahr Støre vil føre til store sosiale utfordringar.
På den samanfattande pressekonferansen før sommaren torsdag påpeikar statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at manglande arbeidskraft er ei utfordring i fleire næringar i Noreg.
– Det kjem til å bli ei større utforing i tida framover. Om ti år vil talet på personar i yrkesaktiv alder falle for første gong i moderne tid. Det skjer mot eit bakteppe av mange år med utstøyting frå arbeidslivet. Eg meiner det er ein av dei største sosiale utfordringane vi står overfor framover, seier Gahr Støre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vidare seier han at inga tidlegare regjering eller ikkje noko parti har hatt svaret på korleis ein skal snu problemet.
– Så det er med openheit og audmjukskap at eg seier at dette må vi ta tak i, seier han. (©NPK)