Sjur Atle Austrheim, Hege Alme, Britt Glomnes Willumsen og Randi Brynestad Skaaden formidla stor songglede då dei inviterte til julekonsert i kultursalen i helga. – Vi har henta inspirasjon til songane våre frå både inn- og utland, fortalde dei.

Storarta av songkvartetten

Dei ser fortryllande ut, syng flott og har knytt til seg solide musikarar som gjev konseptet ei stødig og trygg ramme. Årets utgåve av ”Julekonsert på vår måte” vart ei alle tiders oppleving for dei frammøtte i kultursalen.


Dei kallar seg Tre kvinner og ein mann, men kunne like gjerne fått tilnamnet Tre prinsesser og ein prins. Dei tre kvinnene i kvartetten ser fortryllande ut i fotside, flotte kjolar, og hanen i flokken tek seg ikkje så verst ut på scena han heller.

Fine songar frå Amerika

Men det hjelper lite om innpakkinga er fin, om ikkje det som er inne i sjølve pakken fell i smak. Så la det vere sagt med ein gong – Britt Glomnes Willumsen, Hege Alme, Randi Brynestad Skaaden og Sjur Atle Austrheim klarte også denne gongen å begeistre publikum med det dei serverte i kultursalen.

– Det er ei stor glede å invitere dykk til julekonsert – også i år på vår måte. Tusen takk til Mariann Brynestad Skaaden som har forbarma seg over oss, strikka gode sokkar med ønske om at vi skal stå stødig og halde varmen gjennom heile konserten, sa Britt Glomnes Willumsen, og løfta på kjolen så sokkane kom til syne.

Les heile saka i papirutgåva måndag.