Knutholmen i Kalvåg er medlem i «De historiske hotell og spisesteder».

Stor interesse for «historiske hotell»

Interessa er stor frå hotell som ønskjer å bli medlem i samanslutninga «De historiske hotell og spisesteder».

Samanslutninga har dei siste to åra fått tolv nye medlemer. I fjor var det 46 søkarar, ni blei godkjende. For å bli medlem må søkaren tilfredsstille 798 kriterium for historisk kvalitet. Kriteria kan vere alt frå arkitektur, lokal mat og vertskap. Dei tilsette må kjenne historia og kunne formidle den til gjestene for at hotellet skal kunne bli godkjend.

– Trenden er at både norske og utanlandske gjester søkjer spesielle opplevingar. Stader med historie, lokal forankring og god service, seier Nils Henrik Geitle, administrerande direktør i «De historiske» til NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

De historiske hotella hadde ein salsvekst på 27 prosent i ferie- og fritidsmarknaden frå 2018 til 2019, ifølgje Geitle.

– Det har auka jamt med 20–30 prosent årleg dei siste ti åra. Det er formidabelt, seier han.

Hotellrådgivar og analytikar Peter Wiederstrøm i Wiederstrøm Hotel Consulting analyserer hotellstatistikk i norske byar kvar månad. Han kan ikkje bekrefte «De historiske» sin 27-prosentvekst til NRK.

– Men veksten er i så fall fantastisk bra, for på landsbasis var veksten innan ferie og fritid på 7,7 prosent i same periode, ifølgje SSB, seier han til kanalen.

Han trur det å ha noko å ha noko unikt å tilby, er endå viktigare i tida vi no er inne i.

– Kampen om hotellkundane blir tøffare no, når blant anna utanlandsmarknaden blir borte, seier Wiederstrøm.

(©NPK)