Foto: Wikimedia/WC.

Stor etterspurnad etter rypejakt

Halne Sameie på Hardangervidda har merka stor etterspurnad og god betalingsvilje når dei har lagt ut felt for utleige til rypejakt.

– Det er stor etterspurnad etter rypejakt, og betalingsviljen er god, seier Stein Verpe i Halne Sameie til Bergens Tidende.

Sameiget forvaltar om lag 127.000 dekar fjelleigedom for 88 grunneigarar i Hol kommune, og er eitt av fleire grunneigarlag som sel rettar for jakt og fiske på Hardangervidda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Da dei la ut sitt siste felt for utleige til rypejakt, «Krækkjafelt 1», var utropsprisen 90.000 kroner. Prisen enda på 160.000 kroner etter ein bodrunde. Jegerane som kjøper feltet, får jakte der aleine i ein periode på fem år. Det er det minste rypefeltet til sameiget, og strekker seg langs RV 7 og mot eit punkt like vest for Krækkja turisthytte.

Jakta er frå 10. september til 23. desember. Kor mange år områda kan leigast og talet på jegerar varierer noko etter kor store dei ulike terrenga er.

(©NPK)