Leiar i Reed Utviklingslag, Per Svein Reed, fryktar ein opprivande skulestrid i Breim dersom ein av krinsane mister skulen sin.

STIL har spennande planar for utvikling av Myklebustflata

Planane for Myklebustflata vart presentert av Knut Roger Nesdal under idrettsgallaen til STIL fredag kveld.
– Myklebustflata er ikkje ferdig utbygd. Det er sett ned ei gruppe som arbeider med ei vidareutvikling av området. Vi har utarbeidd fire alternativ, men det er viktig å ha med seg at planane ikkje er ferdige og ingenting er enno bestemt. Teikningane illustrerer dei tankane vi har, og det er dette vi jobbar etter, sa han, og viste ein flott animasjon laga av Espen Bolseth.
Nesdal la vekt på at Myklebustflata er tenkt brukt av alle.
– Aktivitetsparken skal vere for store og små, gamle og unge, sjuke så vel som friske. Området skal nyttast av både einskildpersonar og lag. Her skal idrettstalentet så vel som mosjonistane finne seg til rette. Parken kan brukast på familieutflukt, den kan brukast av organiserte og uorganiserte, skular og barnehagar i kommunen. Vi tenkjer breidde. Dette skal vere eit tilbod til alle, og ein møteplass for alle, sa han.

Les meir om planane for Myklebustflata i papirutgåva onsdag.

Det vert for tida jobba med fire alternative skisser for korleis ein skal vidareutvikle Myklebustflata. Dette er alternativ ein.