Rune Seim, Seim sk.lag med ny banerekord på 200 m

Sterk skyting i Jølster

Frydenbø cupen går av stabelen på fem baner i Sunnfjord denne veka. Ei av banene er Jølster Skyttarstadion der der har vore skyting tysdag og fredag kveld. Det skal også skytast laurdag og søndag.

Ny Banerekord

Tysdag sletta Reidun Knapstad Florø sk.lag Ole Arild Aa, Hyen sin banerekord på 200 m frå i fjor. Aa skaut 344 medan Knapstad fekk 345. Men rekorden til Knapstad vart ikkje gammal for fredag kveld klinte Rune Seim frå Seim i Hordaland til med 347. Søndag skal det skyte eit fullt lag med hyarar så då blir det spennande å sjå om banerekorden kjem tilbake til Gloppen.

Det var også sterk skyting på 100 m fredag, med 350 av Erik Tobias Sletteland, Dale sk.lag. i eldre rekrutt. Han fekk 27 innertiarar, noko som ifølgje han sjølv er ny pers.

 

 

Erik Tobias Sletteland med 350 på 100 m