Statsminister Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet går fram på TV 2s meiningsmåling for februar. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB/NPK.

Sterk Ap-framgang på TV 2-måling

Ap går fram 2,8 prosentpoeng og får 22 prosent på meiningsmåling for TV 2 i februar. Høgre er det største partiet i landet med 27,6 prosents oppslutning.

Det er Ap som har størst framgang, melder TV 2. Aps regjeringspartnar Sp får 6,6 prosent, noko som er 0,3 prosentpoengs tilbakegang.

På målinga går SV mest tilbake og landar på 8,7 prosent, ned 2 prosentpoeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgre er framleis det største partiet i landet og får 27,6 prosent, noko som er ein framgang på 0,3 prosentpoeng.

For dei andre partia ser målinga slik ut (endring i parentes): Raudt 5,8 (+1), MDG 3,1 (+0,2), Venstre 6,1 (-1), KrF 4 (+0,5), Frp 11,6 (+0,2), INP 2,7 (-1,8) og andre 1,8 (+0,2).

I målinga er 997 personar er intervjua i perioden 29. januar til 3. februar. Feilmarginen er mellom 1,4 og 2,8 prosentpoeng. (©NPK)