Måløybrua i Kinn kommune i Nordfjord er ein del av riksveg 15. Foto: Harald Berstad, Statens vegvesen.

Stengjer vestre seglingsløp under Måløybrua ut året

Statens vegvesen skal byggje ein barriere mot skipspåkøyrsel under Måløybrua i Nordfjord. Det vestre seglingsløpet blir stengt frå 12. september fram til nyttår.

Byggjeleiar Pål-Anders Rindal i Statens vegvesen fortel at dei stengjer det vestre seglingsløpet som eit tryggingstiltak, medan arbeidet går føre seg. Dei skal blant anna grave, sprengje og støype fundament.

– Vedlikehald av bruene våre handlar om å ta vare på det vi har, til beste for både trafikantane og miljøet. Vedlikehald kostar maksimalt ti prosent av prisen av å byggje nytt, og det gir i tillegg langt lågare utslepp av klimagassar, seier Rindal i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Farleia vil bli stengt med bruk av bøyer plasserte nord og sør for vestre seglingsløp. Merkinga av begge seglingsløpa blir endra.

Restriksjonane gjeld ikkje berre skipstrafikken, men også til dømes dykkarar. (©NPK)