Eivind Yttri, seksjonleiar for drift, vedlikehald og beredskap i Vestland fylkeskommune.

Stengjer fylkesvegar i påvente av ekstremvêret

Ekstremveret «Gyda» er varsla å kome inn over Vestland i løpet av onsdag. Entreprenørane er tysdag ute langs vegane for å sjekke at sluk og kummar er opne.

– Det vi først og fremst kan gjere i forkant er å reinske stikkrenner og grøfter. Målet er å halde vassvegane opne når uvêret og regnet treffer oss onsdag. Vi held også kjende skredpunkt under ekstra observasjon, seier Eivind Yttri, seksjonsleiar for vedlikehald, drift og beredskap i Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

Det er vanskeleg å vite eksakt kvar uvêret treffer hardast, og det kan vere store lokale skilnader. Kanskje kjem skred- og flaumhendingane på stader der ein ikkje har opplevd det før.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi gjer det vi kan for å førebu oss, og kjem til å stenge dei vegstrekningane vi veit er utsette for skred. Vi har gode rutinar på å ruste oss for slike hendingar saman med entreprenørane våre, understrekar Yttri.

Desse vegane vert stengde tysdag:

Fv. 5720 Hjellestranda og Fv. 609 ved Heilevang er allereie stengde.

Følgjande fylkesvegar vert stengde frå i kveld kl. 23:00:

Fv. 5744 Fossebakken-Navelsaker ved Navelsakerstranda

Fv. 5722 Veslebygda-Flo

Fv. 5723 Sande-Bødal

Fv. 5724 Sandnes-Briksdal

Ny vurdering fredag kl. 09:00.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi følgjer situasjonen fortløpande med tanke på tidlegare opning dersom vêrprognosane endrar seg, og vêrsituasjonen vert mindre alvorleg enn det ser ut per no, seier Yttri.