Ferjekaia på Lote treng oppgradering. Foto: Statens Vegvesen

Stenger E39 Anda-Lote i to netter

Og denne gongen er det ikkje problem med MF Årdal.
Statens vegvesen skal i gang med vedlikehaldsarbeid på ferjekaibrua på Lote natt til onsdag og natt til torsdag denne veka.

Arbeidet som skal gjerast krev at ferjekaia må stengjast i to netter, natt til 21. og natt til 22. desember. Det gjer at ferja som trafikkerer sambandet Anda-Lote må innstillast så lenge arbeidet pågår.
Nødvendig vedlikehald
– Vi veit at det er ikkje populært å instille ferjer i eit så trafikkert samband som Anda-Lote, men i eit ferjesamband med så hyppige avgangar er det stor slitasje på utstyr og materiell. Dette krev ettersyn og vedlikehald, seier Audun Borlaug i Statens vegvesen.
– Slike tiltak vil naturlegvis føre til ulempe for dei reisande som nyttar sambandet, men arbeidet er viktig for å oppretthalde sikker drift av kaianlegga våre, legg han til. Siste ruta vert frå lote kl. 23, og den første frå same stad kl. 05.30.


Det er ferjekaia på Lote som treng vøling og vedlikehald. Foto: Statens Vegvesen.