Det blir tøffe duellar når nokre av verdas beste syklistar susar gjennom Jølster. (Foto: Tour de Fjords)

Stengde vegar onsdag

Onsdag 24. mai vert E39, riksveg 5 Florø- Førde, riksveg 5 Fjærland-Skei og riksveg 13 Gaularfjellet stengt delar av dagen, melder Statens vegvesen.

Dei ber alle som skal sjå syklistane på nært på turen om å vere ute i god tid før syklistane kjem. Dei som skal køyre gjennom Førde og Jølster denne dagen må vere tidleg ute, eller køyre etter at sykkelrittet er over.
Statens vegvesen er no i gang med å setje opp skilt som informerer om stenging grunna sykkelrittet, og politiet vil sperre vegane når syklistane nærmar seg.

 – Vi oppmodar folk til å lese vegvesenet sine trafikkmeldingar eller sjå på Tour des Fjords sine nettsider, slik at dei kan planlegge når dei kan kome seg fram med bil. Vegane blir heilt stengde når sykkelløpet pågår, seier Susanne Stølheim Aasen i Statens vegvesen.

Tour des Fjords startar klokka 13.20 i Balestrand sentrum, og hovudregelen er at vegen vert stengt ein time før syklistane er venta å passere og løypa frå Mo opp til og rundt Jølstravatnet.

E39 og rv5 i Jølster er venta stengt i periodar frå klokka 14.30 til rundt klokka 17.00. Målgang er i Førde og det er rekna at alle ryttarane er i mål til klokka 18.00.

Det vert politi og vakter ved stengningane og dei vil sile bilistane slik at noko trafikk får passere. I ei periode er det tilrådd omkøyring for gjennomgangstrafikken via fylkesveg 615 Storebru, Hyen, Sandane.