Statsråden må rydde opp

Somme syns det er ein uting at det dukkar opp rikspolitikarar så snart det nærmar seg valkamp. At dei tek glansen frå lokalpolitikarane og fokuset vekk frå lokale saker. Sjølv om vi ser poenget, er vi ikkje der.

Dersom ein gjer det rett og tek opp dei viktige sakene med politikarar som trass alt har opne kanalar til maktas kjerne, kan det vere svært nyttig. Berre siste veka har vi konkrete døme på det. Venstre sin nestleiar i Samferdslekomiteen, Abid Raja, fekk servert tunge argument og mange frustrasjonar frå sine lokale partifrendar, både når det gjeld dei latterlege ferjereduksjonane på Anda-Lote, behovet for bru og flyplass. Og det var god medisin at han fekk opplevinga av å måtte stå over ein ferjetur på ein vanleg søndag, sjølv om han var tidleg ute. Så fekk han sjå kva folk her må finne seg i fordi Vegvesenet og Fjord 1 systematisk i lang tid har motarbeidd og prioritert ned dette sambandet midt i Nordfjord.

Les heile leiaren i papirutgåva måndag.