Statsminister Erna Solberg trur russen kan få feire noko i år, men utan dei største russearrangementa. Foto: Berit Keilen/NTB/NPK.

Statsministeren: Ser ut til å bli vanskeleg å gjennomføre dei store russearrangementa

Statsminister Erna Solberg (H) seier det truleg kan bli ei form for russetid i år, men utan dei aller største arrangementa.

Det svarte Solberg på eit spørsmål frå NTB under koronapressekonferansen til regjeringa måndag.

– Ei form for russetid trur eg det blir, men dei mange store arrangementa er det vanskeleg å sjå for seg at vi kan gjennomføre på det tidspunktet, seier Solberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho viste til ein kronikk som det noverande russestyret har skrive, der ungdommane blir oppmoda til å ikkje bidra til smittespreiing framover, nettopp slik at russen skal kunne ha ei eller anna form for russefeiring.

– Det er ein svært god strategi frå russestyret, seier Solberg.