Her får Jenny Marie Andersen Håland tildelt tiltaksprisen for Jølster kommune av ordførar Oddmund Klakegg.

Starta bakeri – fekk tiltaksprisen

I november i fjor opna Erketunet Gardsbakeri i Gjesdalen på Vassenden. I dag vart eigaren Jenny Marie Andersen Håland tildelt tiltaksprisen for Jølster kommune for 2016.

Bakeriet er bygd i steinkjellaren i gardshuset frå 1700-talet, noko som er med på å gje bakeriet særpreg og sjel. I bakeriet får du kjøpt ferske, heimelaga brød og bollar i ulike variantar.

– Bollane er himmelske

– «Dette har eg aldri prøvd, så det får eg sikkert til!» var mottoet til vinnaren av tiltaksprisen 2016 då ho bygde opp si verksemd, – bokstaveleg tala frå grunnen av heime på garden der ho og familien bur. Her produserer ho bakevarer laga av gamle mjølsortar som spelt, emmer og landkveite. Alt mjølet er økologisk og steinmalt. Mjølka i bakverket kjem frå garden, det same gjer egga. Dette er ikkje berre kortreist, det er ureist, sa ordførar Oddmund Klakegg då han las opp grunngjevinga for tildelinga av tiltaksprisen.

– Bakeriet har på kort tid blitt ein suksess, både lokale og langvegsfarande legg turen innom Erketunet kvar helg for å handle. For her får kundane ekte handtverk, desse varene er laga for hand og er ikkje industriproduserte. Ryktet seier at brøda er saftige og bollane himmelske. Midlane til marknadsføring er minimale, for gjetordet om den gode smaken har spreidd seg via sosiale medium og «munn-til-munn-metoden», heldt ordføraren fram.

– Som Pippi Langstrømpe

Erketunet er på rekordtid blitt ei synleg verksemd i Jølster. Der blir det ikkje berre produsert brød og bollar, men òg nye måtar å samarbeide med andre lokale bedrifter på.

– Eitt år etter opninga lanserte ho ein rabarbrakolleksjon saman med gullsmeden og keramikaren i bygda, etter inspirasjon av Nikolai Astrup, sa Oddmund Klakegg og fortalde at vedkomande som sende inn forslaget på Andersen Håland som årets vinnar av tiltaksprisen sa det på denne måten:

– Ho har våga å satse i ein bransje der ein kvar daglegvarehandel er konkurrent, og der etterspurnaden kan vere særs variabel.

– Som Pippi Langstrømpe har ho våga, og ho har fått det til, slutta ordføraren og overrekte prisen, eit kunstverk, til Jenny Marie Andersen Håland og Erketunet Gardsbakeri.