Stadig nye smitta i Sunnfjord

Det kom tysdag kveld melding om tre nye koronasmitta i Sunnfjord. Onsdag kom det nye og dermed er talet oppe i 35 i dette som etter kvart er blitt eit stort utbrot.

Ordførar Olve Grotle sa tidlegare i dag at kommunen sin beredskap er på nivå to og at det blir sett i verk enkelte tiltak. Eldreinstitusjonar blir stengde ut veka og politiske møte blir digitale framover. Mykje av smitten i Førde kan knytast til studentmiljøet, blir det opplyst.

Koronavirus: Sunnfjord kommune ønskjer oversikt over kven som ønskjer koronavaksine av dei som er 65 år eller eldre.