Stad kommune varslar nedbemanning

Stad kommune som vart etablert 1. januar 2021, varslar nedbemanning som følgje av manglande ressursar.

«Vi skulle tru det var nok med pandemi og ny kommune med alt det inneber, men situasjonen er diverre slik at ressursane ikkje strekk til med den drifta vi har i dag. Av den grunn er det no vedteke reduserte rammer for alle sektorane, og vi har starta så vidt på plan for nedbemanning. Målet må vere at ingen skal slutte mot eige ønskje, men det er ikkje mogleg å gi dei same garantiane som politikarane gjorde då vi skulle etablere ny kommune», skriv kommunedirektør i Stad, Åslaug Krogsæter, i eit julebrev til dei nesten 1.000 tilsette i kommunen. Brevet er sitert i både VG og på NRK.

Krogsæter seier til VG at 32 tilsette kan kome til å miste jobbane sine dei neste to åra. Ho lovar ein ryddig og open prosess der dei òg skal prøve å finne andre oppgåver i organisasjonen til dei som må slutte i stillinga dei har i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Heile organisasjonen må involverast i dette, for å sjå om det finst måtar å løyse oppgåver på andre måtar og å unngå dobbeltarbeid om vi samarbeider betre. Det må jo vere berekraftig etterpå. Vi kan ikkje berre rasere tilbod, seier Krogsæter til VG.

(©NPK)