Mange hushald slit med høg rente og høg prisvekst. Rentetoppen er nær, meiner SSB, men folk flest må likevel belage seg på relativt høg belastning også i året som kjem. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB/NPK.

SSB trur renta når toppen om to veker

Styringsrenta blir sett opp endå ein gong i september, men då er rentetoppen nådd på 4,25 prosent, trur Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Rentetoppen er nær. Styringsrenta kjem mest sannsynleg til å bli sett opp med 0,25 prosentpoeng til 4,25 prosent i september. Der vil ho liggje ut året og mesteparten av neste år, seier forskingsleiar Thomas von Brasch i Statistisk sentralbyrå (SSB) til NTB.

Ifølgje dei ferske prognosane som kom fredag morgon, er det likevel liten grunn til å senke skuldrene for hushalda allereie no. Folk flest kjem til å vere under ei rentebelastning vi ikkje har sett maken til sidan starten på 1990-talet i overskodeleg framtid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sjølv om prognosane indikerer at rentetoppen er nær, er vi ikkje heilt over kneika. Rentebelastninga til hushalda er venta å auke. Vi skal heilt tilbake til byrjinga av 1990-talet for å sjå eit like høgt nivå som det vi ventar til neste år, seier von Brasch.

Rett nok vil vi ikkje sjå tosifra rentesatsar på bustadlån framover – mellom anna fordi gjeldsbelastninga er mykje større no, noko som betyr at renteaukane bit hardare.

Lågare prisvekst

Hovudbiletet er at det er god aktivitet i norsk økonomi. Mange har jobb og arbeidsløysa er låg. Mange har likevel fått redusert kjøpekraft som følgje av stadig aukande prisar.

– Men dei forholda som har vore med på å løfte prisveksten her heime, er i ferd med å snu. Energiprisane har falle og internasjonalt ser det ut til at inflasjonstoppen er nådd. I tillegg har kronesvekkinga stansa og er i ferd med å snu, seier von Brasch.

Neste år kjem inflasjonen til å falle ytterlegare frå om lag 5,8 prosent i år til 4 prosent neste år. Årsveksten i den underliggjande inflasjonen er forventa å falle til rundt 3 prosent ved utgangen av 2024.

– Det er spesielt fallande energiprisar som no bidreg til å trekkje inflasjonen ned. Utan ytterlegare svekking av krona og med relativt raskt fallande internasjonal prisvekst og lågare energiprisar også for næringslivet, vil den underliggjande inflasjonen etter kvart komme ned, seier forskingsleiaren.

Mindre å rutte med i år

Årslønnsveksten samla sett vil bli 5,5 prosent i år. Med ein forventa inflasjon på rundt 5,8 prosent inneber det ein svak nedgang i reallønna – eller kjøpekrafta.

Den blir rekna som differansen mellom prisvekst og lønnsvekst. Er prisveksten høgare enn lønnsveksten, betyr det at du reelt sett får svakare kjøpekraft – sjølv om lønnsoppgjeret var det romslegaste før finanskrisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Viss dette anslaget slår til, vil det samla sett ikkje ha vore reallønnsvekst i Noreg sidan 2015. Framover mot 2026 ventar vi at inflasjonen minkar og at reallønnsveksten tek seg opp mot knappe 2 prosent i 2026, seier Thomas von Brasch.

Høge og aukande renter kombinert med svake vektutsikter internasjonalt og lågare etterspurnad i mange næringar, vil dempe presset i arbeidsmarknaden, spesielt i bygg og anlegg.