Spytta på lensmann, stal bil og køyrde i narkotikarus

Sogn og Fjordane tingrett har dømt ein nordfjording i 30-åra til fengsel i elleve månader for ei rekkje straffbare forhold. Han er òg ilagt sperrefrist for erverv av førarkortpliktig motorvogn for alltid.

Alle dei seks postane mannen var tiltala for heng saman med hendingar som fann stad etter at han blei lauslaten frå varetektsfengsel 3. mars i år. Kort tid etter lauslatinga erverva han narkotiske stoff i Bergen og tok til å ruse seg. Han tok deretter bussen til Nordfjord. Dei neste dagane heldt han fram med å ruse seg på narkotiske tablettar.

Natt til tysdag 7. mars stal han ein bil og køyrde med den til han stogga. Ein kamerat køyrde han tilbake til hytta han disponerte. Der dukka politiet, som var varsla om tjuveriet, opp. To politibetjentar tok seg inn i hytta og vekte tiltala. Han blei då raskt oppfarande og aggressiv, og det måtte etter kvart brukast fysisk makt for å få kontroll på han.

Ved to høve før han vart plassert i politiet sin cellebil, prøvde tiltala å skalle den eine betjenten. I bilen trua han med «at han ein gong kjem til å drepe, ikkje nødvendigvis deg, men ein av dykk».

Ved innsetjing i arresten, spytta tiltala to gongar på den lokale lensmannen. Spytta trefte på venstre side av ansiktet og på uniformsjakka til den offentlege tenestemannen.

Retten finn tiltala, som er straffedømd 16 gongar tidlegare, skuldig i alle dei seks tiltalepunkta. Til frådrag for dei elleve månadene han må sone i fengsel, kjem 18 dagar i varetekt.