Slik såg det ut i Grandeparken då vatnet stod på det høgaste.

Springflo i dag

Rundt klokka 12.30 var det springflo i dag på våre kantar. Slik såg det ut i indre fjordbasseng.

Det var varsla springflo i dag, og vatnet stod høgt, men det var god margin til ein vasstand som ville gjere skade. Slik var det i sjøkanten ved Sandane sentrum. Gjestebryggja flaut høgt, og nokre deler av Grandeparken stod under vatn.



Ved utløpet av Gloppeelva brukar vatnet å stå opp på naustveggene når det er springflo. Det var tilfelle i dag, men sjølve campingplassen låg trygt.


Springflo oppstår når tidevatnet er på det høgaste. Det skjer når tidevasskreftene frå månen og sola virkar mest mogeleg i lag. Det skjer ved nymåne og fullmåne.

Dersom det er springflo i kombinasjon med eit kraftig lågtrykk og kraftig pålandsvind, kan det gjerast stor skade. Sjølv om det nett no er lågtrykk, om enn ikkje av den kraftigaste sorten, er det rolege vindforhold.

Gjestebryggja flaut høgt.
Nausta ved utløpet av Gloppeelva står slik når det er springflo.